top of page

Her finn du oss

Farnesvegen 1,
6884 

Årdalsmarknaden 2026 – ein dag med liv i sentrum

6. aug.
1 min lesing

Oppdatert: 28. aug.


Foto: Sofie Moen


Årets Årdalsmarknad vart akkurat slik me håpa på - eit levande sentrum fylt med folk, aktivitetar og god stemning.


Gjennom dagen var gatene fulle av marknadsboder, gode tilbod, underhaldning og aktivitetar for både store og små. Lokale lag, organisasjonar og næringsliv bidrog til å gjere dagen til ein møteplass der heile bygda kunne samlast.


For butikkane i Årdalsenteret er marknadsdagen eitt av årets viktigaste arrangement. Det er ein dag der sentrum verkeleg viser seg frå si beste side, og der både fastbuande og tilreisande får oppleve mangfaldet av butikkar, serveringsstader og lokale aktørar.


Ikkje nok med det - etter veker med regn og stusseleg vêr, kom sola fram akkurat i tide til marknaden, og publikum kunne nyta dagen på torget i fint vêr, med livemusikk, matbodar og yrande liv. 


Me vil rette ein stor takk til alle som bidrog - frivillige, utstillarar, artistar, butikkar og ikkje minst alle som tok turen. De er med på å skape den gode stemninga som gjer at me allereie ser fram til Årdalsmarknaden 2027! 

 
 
bottom of page