top of page

Her finn du oss

Farnesvegen 1,
6884 

Moteshow samla bygda til ein inspirerande kveld

6. aug.
1 min lesing

Oppdatert: 28. aug.

Årdalsenteret ba inn til ein kveld fylt med inspirasjon og visning av vårens motar i april. Butikkane viste fram sesongens nyheiter, og publikum fekk sjå kor mykje flott som faktisk finst å handle lokalt.


For butikkane er moteshowet ein fin måte å vise fram varer på i eit heilt anna format enn i butikkhyllene. Samtidig blir det ein sosial møteplass der folk kan treffast, få inspirasjon og oppleve noko saman. På catwalken fekk ein sjå modellar i alle aldrar, og kle for kvar ein smak. 


Det er nettopp slike arrangement me ønskjer å ha på Årdalsenteret. Vårens moteshow har vore ein fast tradisjon i mange år, og me ser ingen grunn til at det ikkje skal halde fram. Når butikkane samarbeider, skapar me aktivitet, liv i sentrum og gode opplevingar for både innbyggjarar og besøkande.


Tusen takk til alle butikkane, modellane og dei mange som tok turen. Me gler oss allereie til neste moteshow!



 
 
bottom of page